Matthew Scarcella har forlenga

Matthew Scarcella har signert ein ny kontrakt med Hødd som strekkjer seg fram til sommaren 2028.

Annonse:

22-åringen frå Australia kom til Hødd i september i fjor frå Sydney FC, og hadde ein kontrakt som gjekk ut etter denne sesongen. Etter 28 kampar for Hødd og ein særs sterk vårsesong frå Scarcella, har partane no vorte samde om ei forlenging. 

– Eg er veldig glad for å forlengje kontrakten med Hødd i to nye år. Eg kjenner at dette er den beste plassen for meg å utvikle meg både som person og som spelar, og eg ser fram til å oppnå noko spesielt saman med denne spelargruppa denne sesongen og i framtida, seier Matthew. 

Sportssjef Jesper Tørnqvist er særs nøgd med å ha fått på plass ein ny avtale med Scarcella. 

– Matthew har frå første dag vist seg fram som ein dyktig fotballspelar, med dei største styrkane sine når han har ballen i beina. Han er ein spelar vi har ønskt å ha med vidare, og som no har forlenga kontrakten med to nye år. Vi ser fram til fortsetjinga saman, seier Tørnqvist. 

Annonse fra Obos-ligaen: