Mathias Kaarsbo til Hødd

Lyngby og Hødd er einige om ein utlånsavtale for den danske midtbanespelaren Mathias Kaarsbo. Avtalen gjeld ut sesongen og inneheld ein opsjon på kjøp.

Annonse:

Midtbanespelaren spelte 16 kampar for Lyngby førre sesong, men har fått avgrensa med speletid i starten av årets Superliga-sesong. 

20-åringen har også landskampar for Danmark på U19-nivå. 

– Mathias er ein spelar med gode kvalitetar med ballen, som passar godt inn i spelestilen vår og samtidig vil styrkje konkurransen i laget. Vi har følgt han over ein periode, og då moglegheita for eit lån med opsjon på kjøp kom, ønskte vi å nytte oss av den. Vi takkar Lyngby for ein god og ryddig prosess, seier sportssjef Jesper Tørnqvist. 

Kaarsbo sluttar seg til Hødd-troppen umiddelbart og er klar for si første trening med laget torsdag. 

Velkomen til Hødd, Mathias! 

Annonse fra Obos-ligaen: