Materialforvaltar Karsten

Karsten Ulstein ser du på Høddvoll nesten kvar einaste dag, og er eit kjent ansikt i Hødd-miljøet. Bli litt betre kjend med herrelaget sin materialforvaltar.

Hødd sin eigen Halvdan Sivertsen (berre sjå likskapen) har gått gradene som spelar i Hødd, og står bokført med 68 kampar og ni mål. 65-åringen, som no er pensjonert frå arbeid på bilverkstad, har både kone, barn og barnebarn. Han har også eit lite gardsbruk på Ulstein, men Karsten finn du på Høddvoll store delar av dagane.

Korleis starta forholdet ditt til Hødd?

- Mitt forhold til Hødd starta på Hødd sitt yngste lag med Leif Dimmen som trenar. Etter det har eg gått alle gradene oppover i klubben.

Kva er det som gjer at du likar å vere på Høddvoll?

- Her på Høddvoll er det miljøet som er veldig fint. Det er alltid kjekt å møte både nye og gamle kjente ansikt her oppe.

Karsten.jpg
FULL KONTROLL: Karsten sørgjer alltid for at utstyret er på plass.

 

Kva er primæroppgåva di på Høddvoll?

- Den viktigaste oppgåva mi er å ordne med utstyr og sørge for at herrelaget har det som trengst til både trening og kamp. Eg er også med i dugnadsgjengen som er ei kjempeflott gruppe.

Kva er det beste med fotballklubben Hødd?

- Det aller beste må vere det fantastiske anlegget vi har som legg til rette for at både born, ungdom og vaksne kan spele fotball. Det er også mange flinke trenarar som brukar tida si til dette.

Korleis trur du sesongen endar for herrelaget i år?

- Eg har veldig trua på årets sesong. Vi har eit godt trenarteam og ein god spelarstall, så det bør verte opprykk!

FEM KJAPPE

  • Korleis ser ein vanlig dag ut for deg?

  • STÅ OPP 08.00 – FRUKOST MED MYKJE KAFFI OG NYHENDE – HØDDVOLL FRÅ 10 TIL 15.30 FØR HERRETRENINGA MÅ SJÅAST

  • Favorittlag utanom Hødd?

  • MANCHESTER UNITED

  • Forbilde?

  • KJETIL HASUND, SOM EG FEKK OPPLEVE OG TRENE OG SPELE I LAG MED

  • Hobby?

  • FJELLTUR OG BARNEPASS

  • Favorittreisemål?

  • SPANIA

Annonse: