Martin Håheim-Elveseter tilbake på lån

20-åringen returnerer til Hødd på lån ut 2026.

Annonse:

Sarpsborg 08 og Hødd er einige om ein låneavtale som gjer at Martin Håheim-Elveseter blir Hødd-spelar ut resten av 2026-sesongen.

Den offensive spelaren kom til Hødd frå Bergsøy i 2021, og fekk sitt store gjennombrot i blåttkvitt med ei sterk vårsesong i 2024. Prestasjonane førte til overgang til Sarpsborg 08 i august same år, og alt månaden etter fekk han debuten sin i Eliteserien.

Til no har U20-landslagsspelaren frå Fosnavåg spelt 14 kampar for Sarpsborg 08 i Eliteserien og NM. I fjor haust vart han lånt ut til Egersund i OBOS-ligaen, der han også spelte denne vårsesongen. No byter han gulsvart ut med blåkvitt og vender tilbake til Høddvoll.

– Gler oss til å sjå Martin i blått igjen

Sportssjef Jesper Tørnqvist er svært glad for å få Håheim-Elveseter tilbake.

– Martin kjenner klubben og miljøet svært godt. Han er ein spelar med mykje finesse som har utvikla seg vidare det siste året. Vi får inn ein offensiv spelar med kvalitetar som både kan skape sjansar og bidra sterkt i det kollektive spelet. Vi gler oss til å sjå Martin i blått igjen, seier Tørnqvist.

Martin sjølv ser fram til returen til Hødd

– Eg har veldig tru på det som skjer i Hødd. Eg kjenner klubben godt, og det blir kjekt å kome tilbake og spele for Hødd i OBOS-ligaen. Eg gler meg verkeleg til å møte både lagkameratane og supportarane igjen, seier Håheim-Elveseter.

Allereie måndag kan du sjå Martin tilbake i Hødd-drakta når Hødd møter Stabæk på Nadderud.

Fyll opp bortesvingen – bli med og støtt Hødd! 

Annonse fra Obos-ligaen: