Markering av H.M. Kong Harald V før Hødd – Stabæk
I samband med bortgangen til H.M. Kong Harald V vil det under søndagens kamp mellom Hødd og Stabæk bli gjennomført ei felles markering for å skape ei verdig ramme rundt kampen og markere den nasjonale sorga. Toppfotball Billettar og kampdagsinfo
Norsk Toppfotball har utarbeidd ein felles protokoll for kampane i Eliteserien og OBOS-ligaen denne helga. Det betyr at publikum på Høddvoll vil oppleve ei annleis ramme rundt kampen enn ved ein ordinær heimekamp.
Ei felles markering før avspark
Den ordinære innmarsjen blir erstatta av ein eigen seremoni. Dommarane, hovudtrenarane og spelarane går ut på bana og stiller seg opp i ein H-formasjon.
Deretter blir det gjennomført ei felles markering der heile Høddvoll blir invitert til å reise seg og vere med på å synge «Ja, vi elsker». Markeringa blir avslutta med eitt minutts applaus til minne om Kong Harald V.
Spelarar, dommarar og støtteapparat vil bere sørgeband under kampen.
Dette blir annleis på Høddvoll
Som ein del av dei felles retningslinjene blir det ikkje gjennomført ordinære kommersielle aktivitetar før, under eller i pausen av kampen. LED-flatene vil vere reklamefrie, og det blir heller ikkje ordinært innhald på storskjermen.
Det skal denne runden berre flaggast med norske flagg på stadion, og flagget på Høddvoll vil vere på halv stong.
Ver på plass i god tid
Vi oppmodar alle som skal på Hødd – Stabæk om å kome tidleg og vere på plass på tribunen seinast 15 minutt før kampstart.
På den måten kan vi saman sørgje for ei roleg og verdig ramme rundt markeringa før avspark.
Vi ønskjer alle velkomne til Høddvoll.