Marius:- Vi skal angripe kampen

Dette seier Marius før kampen mot Lysekloster!

Etter ein velfortent ferie, var det stor spenning rundt prosessen av skifting av underlag på Høddvoll. Det har blitt gjort ein fantastisk jobb av alle involverte med å få bana klar løpet av sommaren. For ei bane vi har og for eit anlegg! 

Vi fekk trene 14 dagar før vi møtte Viking 2 i Stavanger sist søndag,. Ein tøff bortekamp mot eit sterkt Viking 2-lag. Profilerte spelarar som Kristoffer Løkberg, Djibril Diop og Edvin Austbø frå start.

Hovudtrenar Marius Bøe. Foto: Arne Flatin
Hovudtrenar Marius Bøe. Foto: Arne Flatin

Kampen starta med å straffe imot og 1-0 etter 10 minutts spel. Som gruppe fekk vi testa mentaliteten og det som skal vere vår tryggheit, nemleg spelkonseptet vårt. Med ein imponerande ro, jobba spelarane seg tilbake i kampen og Torbjørn Kallevåg avslutta eit flott angrep til 1-1 etter 28 minutt. I pausen bestemte vi oss for å fortsette vårt spel, justere opp kvaliteten med ball, og angripe framover. Når dommaren hadde blåst av, stod vi igjen med ein sterk 3-1 siger. Takk for støtta frå publikum, kjekt å sjå så mange Hødd-supporterar på tribuna.

På skadefronten får vi testa oss litt. Fire spelarar har trena alternativt eller fått tilpassa økter denne veka. Vår dyktige fysio Svein Vattøy har jobba godt med å forhåpentlegvis ha nokre av desse klar til kampen mot Lysekloster. Gledeleg er det at Isak Skotheim endeleg er tilbake i troppa, etter å ha vore ute ei god stund. Isak fekk 45 minutt for Hødd 2 i kampen mot Ready sist helg.

På spelarfronten er LSK-spelar Uranik Seferi presentert, han fekk sin debut mot Viking 2 og viste oss mykje av det han kan tilføre oss framover.

2005-modellen Johannes Konstali-Lødemel kom til Ulsteinvik onsdag, og har signert ein avtale med oss. Johannes er ein spennande ung spelar, med gode ferdigheiter, er fysisk robust, og har forståing av det å vere toppidrettsutøvar. Han er nesten lokal då han er oppvokst i naboklubben Stryn, og han har dei siste åra vore ein del av Sogndal Fotball. Johannes har vore på B-lista til Sogndal sitt A-lag, og var i mai månad på bana i OBOS-ligaen. Johannes har hatt ei fin utvikling i Sogndal, no skal han ta nye steg her i Ulsteinvik. Velkomen til klubben og ta han godt imot.

Eit formsterkt Lysekloster-lag med rutinerte Alexander Dang på topp, og klubbens dyktige trenar Ruben Hetlevik i spissen, blir dette ein tøff kamp mot eit rutinert lag. Vi skal angripe kampen, spele vår fotball med energi og framoverfotball, og sjølvsagt ta omsyn til Lysekloster sine styrker.

Håper på god støtte frå tribuna og frå våre gode trufaste Blåsarane.

Heie Hødd!

 

Annonse: