Marius: - Ny moglegheit for å ta nye steg

Søndag spelar Hødd borte mot Vard Haugesund og hovudtrenar Marius Bøe seier laget gleda seg til ny kamp!

Hødd er i kanonform før møtet med Vard Haugesund og står med 14 strake sigrar i PostNord-ligaen avdeling 1. Dette er imponerande tal og ei solid sigersrekke å ta med seg inn i serieavslutninga.

Søndag venta Vard Haugesund borte, eit lag som Hødd vann 2-1 over på heimebane tidlegare i år. Isak Gabriel Skotheim og Robin Hjelmeseth scora Hødd sine mål i kampen.


Marius seier dette før kampen mot Vard Haugesund.

- Spelarar og trenarteam gleda seg til ny kamp søndag. Denne gongen mot Vard Haugesund. Eit lag som har hatt varierande resultat den siste tida, men det skal leggast til at dei har fått dårleg betalt i fleire av dei siste kampane.

- Vard Haugesund tapte 3-1 mot Lysekloster i siste heimekampen, og det er garantert eit lag som er revansjelystne og kjem til å gjere alt for å vinne kampen. Til kampen stille vi med full tropp, noko som også betyr at vi pr. dags dato har alle tilgjengelege utanom Iver Hagen og Vegard Håheim-Elveseter, som dessverre er ute resten av sesongen.

- Vi er i god utvikling, og det er stor konkurranse om å få spele. No er det ein ny moglegheit for å ta nye steg. Vi gleda oss. Vi takka Blåsarane for den ekstra energien dei gir oss! Heia Hødd!

Vi ønsker laget lukke til i bortekampen mot Vard Haugesund!

Annonse: