Marius: - Det gir spelarane enormt med energi

Vi har i dag tatt oss ein prat med Marius før heimekampen mot Odd søndag!

Sist gong Hødd møtte Odd i serien var i 2008. Då var det Dag Eilev Fagermo, 4-3-3 og ein tydeleg filosofi som prega Odd. Kva kan vi vente oss av Odd i 2025?

- Dei har prøvd litt ulike retningar etter at Fagermo var der. Eg kjenner noverande Odd-trenar Knut Rønningene litt frå trenarutdanninga. Han har vore lenge i Odd-systemet, og eg snakka med han sist på Marbella i vinter. Då sa han at han ville tilbake til røtene med Telemarks-modellen og Odd-fotball, med fokus på treningskultur, spelestil og omgivnadene rundt. Litt som vi har gjort i Hødd, synest eg.

- Vi kjem til å møte eit 4-3-3-lag med ein klar spelestil, som er tippa i toppen av tabellen. Dei har fått resultat ved å stå i det over tid. Dette er definitivt eit godt fotballag med mange profilar som har mykje erfaring frå Eliteserien, så det blir tøft, seier Marius Bø.

Vi tok tre poeng heime mot Sogndal sist. Kor ligg Hødd sine sjansar for å gjere det same igjen?

- Sjølv om vi tapte 2-0 på dødball mot AaFK sist, synest eg vi viste at vi har noko å bidra med på dette nivået. I periodar er vi også gode der. Det blir ein tøff kamp mot Odd, men dette er heimebana vår, og vi skal byggje vidare på det vi har gjort bra i Obos til no.

Kva er status i gruppa og fokuset før Odd-kampen?

- Status er at alle er tilgjengelege, og det er svært bra. No handlar det om å byggje vidare på det vi trenar på til dagleg, og å vere endå modigare med ballen. Vi ser at når vi er modige med ball, skaper vi sjansar gjennom spelet vårt. Eg ønskjer at vi er endå modigare med ballen og endå meir oss sjølve på heimebane.

- I tillegg fokuserer vi på presspelet vårt. I periodar var vi svært gode i presset mot Aafk. Vi veit at vi møter eit ballsikkert lag i Odd, så vi må tørre å presse dei endå meir.

Det er ei stund til 12. juli og overgangsvindauget opnar. Er det noko de tenkjer på i kvardagen, og har de prosessar rundt dette?

- Eg veit at det er klubbar som ser på spelarane våre. Det er naturleg, sidan fleire av spelarane våre leverer på eit høgt nivå og har hatt ei god utvikling. Markedet avgjer kven som blir attraktive for andre klubbar. Vi har sjølvsagt ein plan og ein tanke om at dersom noko skjer, må vi vere klare. Akkurat no er eg svært nøgd med det vi har her, men vi er forberedd om noko skulle skje.

Vi har eit par spelarar i Mads Myklebust på U18-landslaget og Ola Visted på U20-landslaget. Kva betyr det for gruppa å ha slike referansespelarar i sine årsklassar?

- Eg kan starte med Ola. Han var ein spelar vi ville ha permanent, men Viking ser det same som oss – at dette er ein svært god fotballspelar som treng speletid på eit nivå som passar han. Det nivået kan ikkje Viking gi han no, men det kan Hødd. Derfor er eg svært glad for at Viking ser på Hødd som ein god utviklingsarena for Ola. Han har vore ein av våre beste spelarar i starten av sesongen og har vore fantastisk i gruppa, ikkje berre på bana, men også med mentalitet, treningsiver og det sosiale. Han har fått vener for livet her allereie, så han har vore ein tiar på blinken for oss. Han kjem til å utvikle seg vidare, og han er ein spelar Viking vil få bruk for. Dette viser også at vi har eit godt utviklingsmiljø her, når store klubbar som Viking vil bruke Hødd. Det same gjeld Rosenborg med Magnus Holte. Han har vore uheldig med skade, men no er han klar til å banke på døra for ein plass på laget.

- Når det gjeld Mads, viser landslagsuttaket at vi har ein god keeper her. Då vi mista Ole Monrad Alme til skade, måtte vi hente inn ein ny, og Mads har også vore heilt fantastisk å få inn i gruppa.

- Vi er svært nøye på at dette er spelarar som passar inn i miljøet vårt, både når det gjeld kvalitet og personlegdom, og vi har treft blink med Visted, Holte og Myklebust. Vi er strålande fornøgde med dei.

Du ga honnør til Hødd-fansen både etter AaFK sist og Sogndal i førre heimekamp. Kva betyr god støtte på tribuna for laget, og korleis kan vi skape den same stemninga inn mot dei neste kampane?

- På vegne av spelargruppa og teamet kan vi ikkje takke nok for støtta vi får. Den betyr så ufattelig mykje. På bortekampane i år har støtta vore fantastisk, og det gir spelarane enormt med energi. Det er også ein stoltheit for oss at publikum bryr seg. I tillegg håpar eg at vi klarar å gi stoltheit til publikum ved at dei ser eit lag som ofrar alt, ynskjer å spele fotball og skaper sjansar, avsluttar Hødd-trenaren.

Annonse fra Obos-ligaen: