Marius Bøe ny hovudtrenar i Hødd Fotball

Etter ein lang og grundig prosess kan vi gledeleg presentere Marius Bøe som klubbens nye hovudtrenar for A-lag herre i 2024 og 2025.

Marius kjem frå toppfotballen og har vore assistenten til Eirik Bakke i Sogndal i fleire år og var også med til Lillestrøm når Bakke tok over dei i fjor haust. Han var også assistenten til Lars Arne Nilsen i AaFK, og han leia også AaFK som midlertidig hovudtrenar i seks kampar i Eliteserien og i tre cupkampar. I tillegg har han jobba for NFF Sogn og Fjordane og aldersbestemte landslag. Det er derfor ein trenar med gode referansar og erfaring frå toppfotballen som no blir Hødd sine nye trenar dei neste to åra.

2010 - 2012 Kaupanger (Hovudtrenar)
2012 - 2014 Kaupanger dame (Hovudtrenar)
2014 - 2015 Sogndal 2 (Hovudtrenar)
2015 - 2017 Sogndal (Assistent)
2018 - 2020 NFF Sogn og Fjordane (Trenarutviklar)
2020 - 2022 Sogndal (Assistent)
2022 - 2023 AaFK/Lillestrøm

Marius Bøe seier dette i ein kommentar:

- Eg ser på Hødd som ei moglegheit for å skape noko. Frå første dag vi starta dialogen, så var det mykje som samsvarte i forhold til utvikling av lag og spelarar. Kultur og verdiar, og tankesett samsvarte veldig godt med det Hødd skal vere, og det eg sjølv står for. Klubben ønskjer å jobbe i ein toppfotballkultur der hardt arbeid, lojalitet og masse energi skaper utvikling og prestasjonar. Gler meg til å bli kjent med klubben og Ulsteinvik.

Dagleg leiar og sportssjef Jesper Törnqvist:

- Marius sin måte å lede på kombinert med stor erfaring frå toppfotballen og utvikling av unge spelarar vart avgjerande for løysinga. Marius har referansar frå både lag og individ frå toppfotballen i mange år og i fleire klubbar. Hardt arbeid, engasjement og ærlegdom kjem ofte fram i diskusjonane med Marius og vi ser fram til å få han inn i Hødd-familien. Velkomen Marius! 

Styreleiar Bård Dalen:

- Hødd Fotball er svært godt nøgde med at Marius vert med på den satsinga som klubben legg opp til framover. Vi ser fram til eit godt samarbeid for å ta klubben dit vi ønskjer Hødd skal vere i åra som kjem. Marius vert sentral i dette, vi gler oss til å kome i gong. 

Vi ønskjer Marius hjarteleg velkomen til Hødd!

Annonse fra Obos-ligaen: