Marius Bøe gir seg som hovudtrenar i Hødd etter 2025-sesongen

Hødd Fotball kan i dag informere om at hovudtrenar Marius Bøe har besluttet å gi seg som hovudtrenar i Hødd etter kampen mot AaFK.

– Dette har vore ei vanskeleg avgjerd. Eg har gått fleire rundar med meg sjølv og familien før eg landa på dette. Eg har dei siste 3 åra vært ekstremt mykje vekke fra min familie, og eg kjenner at det no er rett tidspunkt å gi seg. Samtidig er det vemodig, for klubben er i ein fantastisk posisjon til å vidareutvikle det vi har bygd saman dei siste åra. Med dei folka som er her – og dei som kjem inn frå 2026 – er eg trygg på at utviklinga vil halde fram, seier Bøe.

Dagleg leiar Jesper Törnqvist takkar Bøe for innsatsen:

– Marius har lagt ned eit imponerande arbeid for Hødd, og har vore ein sentral bidragsytar i den sportslege utviklinga dei siste sesongane. Vi har full respekt for avgjerda hans, og ønskjer han alt godt vidare.

Styreleiar Stig Brautaset legg til:

– Marius har vore ein engasjert og dyktig hovudtrenar, og har bidrege sterkt både sportsleg og organisatorisk. Vi er takksame for innsatsen hans og det solide fundamentet han har vore med på å bygge. Vi ønskjer han og familien alt godt, og ser fram til å vidareføre det gode arbeidet han har vore ein del av.

Klubben vil no starte prosessen med å finne ny hovudtrenar, og vil bruke tida godt framover for å finne den rette kandidaten for Hødd som skal vere med å utvikle klubben og laget vidare

Klubben ønsker nå å gi laget og trenerteam fullt fokus in mot kampen laurdag og derfor vil alle vidare henvendelser gå til styreleiar Stig Brautaset.

 

For spørsmål, kontakt:
Stig Brautaset, styreleiar
Tlf. 90826448
Annonse fra Obos-ligaen: