Marcus Andersen klar for Hødd

Marcus Andersen har signert ein kontrakt med Hødd som strekkjer seg ut 2024-sesongen. Foto: Kent Even Grundstad / FK Bodø/Glimt

Sportssjef Jesper Törnqvist seier klubben har følgt Marcus over tid:
- Vi har følgt Marcus frå det han nesten lukka buret på Høddvoll i 2021. Ein ung, stabil og svolten keeper som kjem frå kanskje det beste fotballmiljøet i Norge.
 
Marcus var aldri i tvil om kor han ønska å spele i 2023-sesongen:
- Eg ser ekstremt fram til å ikle meg Hødd-drakta no som klubben endeleg er i OBOS-ligaen! Etter treningsopphaldet i november var eg aldri i tvil om kor eg ønska å spele i 2023-sesongen. Alt i Hødd og Ulsteinvik ligger til rette for å utvikle seg og bli ein betre fotballspelar over dei to neste åra!
 

Vi ynskjer Marcus hjarteleg velkomen til Hødd!

Annonse: