Mange talent i aksjon

Hødd Fotball skal gjennom Norsk Toppfotball delta på Eliteturneringar for årgangane 12, 13 og 14 år etter sommarferien.

Torsdag var nesten 100 spelarar i aksjon i treningar på Høddvoll. Det er spelarar frå 18 ulike klubbar på Søre Sunnmøre og Nordfjord som deltek på desse tiltaka.

Treningane no før sommaren vil danne grunnlag for uttak til turneringane etter sommaren.

G12 skal delta på turnering 16.-17.august i Mjøndalen. Her skal det også takast ut tropp til Team Søre som skal ha aktivitetar utover høsten.

G13 skal delta på turnering 30.-31. august i Stavanger.

G14 skal delta på turnering 13.-14.september i Oslo.

Utviklingsleiar i Hødd Fotball Magne Elde seier dette om opplegget:

- Ein herleg fotballdag på Høddvoll der vi fekk bli kjende med mange flinke fotballspelarar. 

- Desse tiltaka vil gjere at vi får endå betre oversikt over spelarane i vårt område. Det å få delta med lag på NTF sine Eliteturneringar vil gje både oss som klubb og spelarane gode referansar mot dei andre spelarane i landet på kor nivået ligg.

- Vi håpar og trur at desse tiltaka vil stimulere spelarane til å spele endå meir fotball og trene godt i kvardagen i klubbane sine og på eigahand. 

Annonse fra Obos-ligaen: