Mange Hødd-hjerter til Bislett

Det er venta mange Hødd-supportarar til søndagens kamp mot Lyn. I serieopninga mot Stabæk på Nadderud var det 150 Hødd-supportarar på bortetribuna, og like mange er venta til Bislett.

Leiar i Blåsarane, Guttorm Vartdal, reiser frå Ulsteinvik til Oslo i helga. 

Ja, eg flyg austover på laurdag, og håper at vi blir ein stor Hødd-kontingent. Sesongstarten har vore ei berg- og dalbane, men vi har vore gode på bortebane så langt. Siger mot Start og uavgjort mot Stabæk var sterkt, seier Guttorm. 

Kva er status med Blåsarane for tida? 

Det har stabilisert seg rundt 130 betalande medlemmar siste åra, noko som er litt færre enn det var for eit tiår tilbake. Vi håper på endå fleire aktive medlemmar framover. Akkurat no er det nok mange som ser fram til bortekampen mot Aafk 16. mai. Det er allereie selt halvparten av billettane på bortefeltet til Hødd, og eg håper at Hødd-supporterane mobiliserer til denne kampen. Blåsarane og Hødd kjem til å sette opp fleire bussar til kampen, og vi håper at alle medlemmar melder seg på. Vi oppfordrar også alle til å stille i blått. 

Men fyrst er det Lyn borte som gjeld, og vi håper mange tek turen til ærverdige Bislett for å støtte dei blåkvite! 

Kva trur du om sjansane til Hødd? 

Det vert ein vanskelig kamp, men borteforma er som sagt god. Eg har tru på nye poeng, avsluttar Guttorm. 

Annonse fra Obos-ligaen: