
MÅLPRISEN TIL HØDD
Sunnmøre Mållag har vedteke å gi laget sin målpris for 2019 til 100-årsjubilanten Idrottslaget Hødd
Hødd har vore eit førebilete ikkje berre sportsleg, men også språkleg og kulturelt. «Stolt – audmjuk – inkluderande». Dette er visjonen og verdigrunnlaget til Hødd, og den som er stolt, tek vare på seg sjølv og sin eigen identitet. Språk og identitet er einegga tvillingar. Dette har leiarane i Hødd forstått.
I alle sunnmørskommunane utanom Ålesund er styrings- og opplæringsmålet nynorsk. Slik er det dessverre ikkje i alle idrettslaga i dei same kommunane. Årsaka er neppe motvilje mot eige språk og eigen dialekt. Årsaka er heller at så godt som alt sportsstoff i riksmedia og i sentrale idrettsorganisasjonar er på bokmål. Heldigvis har Hødd og dei andre idrettslaga som nyttar nynorsk, skjøna kor viktig det er at spesielt unge idrettsutøvarar og idrettsinteresserte får røyne at språket deira eignar seg godt også i idrettsverda. Difor fortener alle desse laga takk og honnør.
Det som gjer Hødd særskilt kvalifisert til denne prisen, er at laget sin nynorsk også er nesten lytefri. Og «nesten lytefri» er ein kompliment i ei tid der respekten for rett språk er som vasstanden ved fjøre sjø. På lågmål.
Dei er ei glede for Sunnmøre Mållag å gi målprisen til ein verdig vinnar og jubilant.
På diplomet står:
Sunnmøre Mållag gjev MÅLPRISEN 2019 til Idrottslaget Hødd I motgang, i medgang, med målet mot mål.