MAGNUS: - SJU FLOTTE ÅR I HØDD

Magnus Myklebust går frå Hødd til Bergsøy etter totalt sju sesongar i klubben.

Etter to periodar med til saman 217 kampar og 61 mål for klubben er Magnus nr 48 på adelskalenderen til Hødd!
 

Magnus har vore ein fantastisk person å ha i Hødd både som ung og lovande og etter han kom tilbake, både på og utanfor bana. Han er utruleg profesjonell og dedikert i det han driv med. Sjølv om han har vore skada har han alltid komt tilbake.

Du har vore ein del av toppfotballen i Noreg sidan du var 16 år Magnus, korleis har det vore å levd profflivet i dei forskjellige klubbane?
 
-  Det har vore ei fantastisk reise, der eg har fått holdt på med min store lidenskap helt sidan eg lærte å gå. Etter barne og ungdomsåra i Gursken, fekk eg ein perfekt start i fotballkarriera med Hødd der eg kunne kose meg med fotballen på et godt norsk nivå, og det var tre fine år på Høddvoll i 1.divisjon. Deretter fem år i Lillestrøm, to år i Skien og tre år i Kongsvinger før eg vende nasa heimover. Når du er midt oppe i det som ung, tenker en ikkje alltid over kor privilegert en er som får holde på med sin lidenskap, men når eg ser tilbake på det så har det vore utrulig kjekt og eg er selvfølgelig glad for at eg valgte å satse på fotballen.
 
Foto: Arne Flatin
Foto: Arne Flatin

 

Magnus signerte for Hødd for fyrste gong i 2002 i ein alder av 16 år, og spelte 105 kampar og skåra 36 mål for klubben før han tok steget til Tippeligaen og Lillestrøm SK. Der spelte han i totalt fem sesongar, 105 kampar og skåra 13 mål. Han fekk også med seg to cup-finalar i LSK, der han også vart cupmeister i 2007. Magnus vart så henta av Dag-Eilev Fagermo til Odd Grenland i 2010-sesongen og spelte der i to sesongar (36 kampar og 4 mål), før han blei henta til Kongsvinger i cup-finalesesongen til Hødd i 2012. Der spelte han 63 kampar og skåra 18 mål.
 

Du var altså vekke frå klubben i ti år før du valte å flytte heim og kome tilbake. Korleis har Hødd utvikla seg i den perioda frå du var her sist, til du kom tilbake i di andre periode?

- Ti år er lenge, og mykje skjer i en fotballklubb på den tid. Heile klubben har blitt meir profesjonell, flotte fasiliteter og ein ny fantastisk stadion er bygd. Trur ikkje det var mange spelarar i garderoba som eg spela med når eg spelte der sist i 2004, men i og rundt klubben var det dei same flotte menneska der no som då, med like stort engasjement og hjerte for Hødd som alltid. Så eg følte fort at eg var tilbake igjen i Høddfamilia.
 
Kvifor valde du å flytte heim til Sunnmøre og å spele for Hødd? 
 
- Både eg og sambuar Ida er frå området, og med to flotte jenter ønska vi å komme nærmare familiene våre. Selvfølgelig var det også spennande med satsinga i Hødd med blant anna stadionåpning, og eg hadde jo også et håp om å være en del av Høddlaget som skulle rykke opp til Eliteserien, men det ville seg ikkje slik denne gongen. I tillegg må en også tenke litt på livet etter fotballen, og eg fekk her tilbod om ein spennande jobb i avisa Nett.no, der eg fortsatt jobbar.
 
Du har spelt sju sesongar for Hødd, kva er det beste minnet du sit igjen med?
 
Foto: Arne Flatin
Foto: Arne Flatin
- Det er mange gode minner etter sju flotte år i Hødd, både i mi første periode og i den siste. Litt meir tungt og krevjande var det selvfølgelig i mi andre periode etter skada som satt meg ut litt for lenge, i tillegg kom nedrykket det året, men det å få være en del av Hødd har heile vegen vore fint. Eg er veldig takknemlig for at Hødd ga meg sjansen allereie i en alder av 16, det var på mange måtar det som forma fotballkarriera mi og det er kanskje det beste minnet eg har; Hødd er ein klubb som gir dei unge og lovande sjansen. Du må berre gripe den når du får muligheita.
 
 
 
Korleis trur du sesongen for Hødd vert i år?
 
- Stallen har ei fin blanding av unge og nokre meir rutinerte, der dei yngste no har fått kjent på nivået i et par år. Eg trur Hødd fort blir å finne på øverste halvdel og håpar dei også kan utfordre topplaga. I denne divisjonen har vi no erfart at alle slår alle, så dersom Hødd har litt flyt og prestera jevnt godt så går det mot en god sesong. I tillegg har nok ikkje Hødd det presset på seg om opprykk som tidligare og også det kan slå positivt ut. Eg ønskar dokke uansett masse lykke til og kjem til å følgje godt med på Hødd framover!
 
Tusen takk for innsatsen og samarbeidet Magnus og lykke til i Bergsøy!

 

Annonse: