Mads og Ola har representert U18 og U20 landslaget

Hødd-spelarane Mads Eikrem Myklebust og Ola Visted har representert U18 og U20 landslaget siste veka.

U18 landslaget har siste veka spelt firenasjonarsturnering i Prelog, Kroatia, og vil avslutte turneringa med siste kamp mot Tyrkia tysdag kveld.

Hødd-spelar Mads Eikrem Myklebust starta første kampen mot Irland, og her vann Norge 4-1 til slutt. Hødd-keeperen spelte heile kampen for Norge.

I andre kampen mot Kroatia tapte Norge 2-0. I denne kampen vart ikkje Mads bytta inn, då den andre keeperen i troppa fekk sjansen mellom stengrene.

Tysdag kveld spelar dei siste kampen mot Tyrkia i firenasjonarsturneringa.

Kampreferat:
 

U20 landslaget har ogås siste veka spelt turnering i Kairo, Egypt, der laget har spelt mot USA og Saudi-Arabia.

Hødd-spelar Ola Visted har vore involvert i begge kampane for Norge.

I første kampen mot USA, som Norge vann 1-0, vart Ola bytta inn etter 60 minutt. Han var derfor med på å slå ein sterk nasjon som USA.

I andre kampen mot Saudi-Arabia som vart spelt i kveld enda med uavgjort 0-0. I følgje rapportane var Norge klart best og burde vunne kampen greit, men samtidig viste laget god defensiv struktur som gleda landslagstrenar Bjørn Johansen.

Tidlegare Hødd-spelar Martin Håheim-Elveseter (Sarpsborg 08) var også involvert i begge kampane for U20 landslaget.

Kampreferat:
 

Vi gratulerer Mads og Ola med flotte prestasjonar for U18 og U20 landslaget!

Annonse fra Obos-ligaen: