Madelen og Ørn på digital samling

Denne veka har to Hødd-spelarar delteke på ei nasjonal samling saman med om lag 130 andre gutar og jenter på same alder.

2005-modellane Ørn Flø og Madelen Eid representerte Hødd på denne samlinga i regi av NFF og Equinor sin landslagsskule. Ørn har vore på samling tidlegare, medan dette var første uttaket for Madelen.

- Det var kjekt å bli tatt ut, men samstundes litt kjedelig ikkje å få vist meg fram ute på bana, seier Madelen.

Covid-19 sette ein stoppar for det denne gongen. Difor var det berre eit digitalt møte der spelarane fekk sjå klipp frå ulike kampsituasjonar, og dei fekk møte trenarane på laga. I tillegg var Colin Rösler frå U21-landslaget innom og prata litt om opplevingane sine med U-landslag, og han svarte på spørsmål frå spelarane.

Er det motiverande for dokke å vere med på ei slik samling?

- Det er veldig inspirerande og gøy å bli lagt merke til, sjølv i ein spesiell periode. Eg vil gjere så godt eg kan på kvar trening for å vise meg fram, seier Ørn og får støtte av Madelen.

- I tillegg blir det nok endå meir eigentrening framover, trur ho.

Medan Ørn spelar på rekruttlaget, er Madelen allereie på seniorlaget, noko ho har vore sidan i fjor.

- Det er veldig gøy å spele på A-laget. Eg var yngst og sleit litt i starten, men føler eg har tatt nivået bra etter kvart. Det har også vore til god hjelp at nokre av veninnene mine har tatt steget opp, forklarer Madelen.

Begge håper sjølsagt å bli tatt ut til neste samling, som etter planen skal vere i Porsgrunn i juni. Deretter ventar landskampar og etter kvart kvalifisering til europameisterskapet som etter planen skal arrangerast neste sommar.

- Eg har eit mål om å bli tatt ut til alle samlingane framover. Endå lenger fram i tid vil eg nå så langt eg kan og forhåpentlegvis kunne leve av fotballen, noko eg trur vil vere gøy, seier Ørn.

Madelen legg heller ikkje skjul på kva ho vil med fotballen:

- Eg vil spele på A-landslaget. Det er målet!

Annonse: