Madelen Eid klar for AaFK Fortuna

Madelen Eid har skreve under ei amatørkontrakt med AaFK Fortuna ut 2023-sesongen.

Madelen Eid har vore Hødd-spelar gjennom heile karrieren og har hatt ei flott utvikling i Hødd, men er no klar for nye utfordringar med AaFK Fortuna i 1. divisjon.  

Overgangen blir gjeldande frå 01.01.2022.

JESPER: -GLADE OG STOLTE OVER Å PRODUSERE SPELARAR AV MADELEN SITT KALIBER

- Vi er glade og stolte av å produsere spelarar av Madelen sitt kaliber som tek steget både opp på landslaget og no til eit nytt nivå nærmare Toppserien. Ei stadfesting for klubben og eit bevis på den gode jobben trenarar og Madelen sjølv har lagt ned! Heldigvis blir Madelen framleis ein del av miljøet på Høddvoll og vi fortsette dermed det gode samarbeidet med AaFK Fortuna. 

RONNY: - EIT NATURLEG STEG Å TA FOR MADELEN

- Eit naturleg steg å ta for Madelen no. Ho har utvikla seg fint i 2021, og fått erfaring. Kjekt for Hødd å kunne levere enda ein spelar til høgre nivå. Dette viser at vore spelarar har eit godt utviklingsmiljø og fine moglegheiter. Vi ønsker Madelen lykke til. 

MADELEN: - FØLTE TIDA VAR INNE FOR NYE UTFORDRINGAR

- Eg følte tida var inne for nye utfordringar. Å få prøve i 1.divisjon damer blir veldig spennande. Tusen takk til Hødd, trenarar og lagvenninner. Kjem framleis til å gå på Ulstein VGS og trene med Hødd en gang i veka.  

Hødd Fotball takkar Madelen for innsatsen i Hødd-drakta og ønsker ho samtidig lykke til i 1. divisjon med AaFK Fortuna!

Annonse: