Ludvik og Johannes takkar for seg

Ludvik og Johannes Flacke har dei siste to åra jobba som assistentar på FFO etter skuletid. No er gutane ferdig på Ulstein vidaregåande skule og takkar derfor for seg i Hødd.

Annonse:

Gutane spelar til daglig på G19 og Hødd 3 (6. div) og har spelt for Hødd frå tidlig alder.

Ludvik og Johannes har vore med rundt FFO i to år og gjort ein solid jobb. Leksehjelp og klubbhusaktivitet er til dømes oppgåver dei har vore med på gjennom ei veke.

Ettersom begge to no takkar for seg, så har vi tatt oss ein liten prat med dei før dei reiser til USA på ferie.

Korleis har det vore å jobba med FFO i Hødd?

- Veldig lærerikt og kjekt. Bra oppleving ein kan ta med seg vidare i livet. Vi føler oss svært heldige som har fått vere med på noko slikt. 

- Vi føler ikkje det har vore ein jobb, men ein plass der vi har fått blitt kjent med mange flotte barn. Man blir på ein måte litt knytt til barna når vi jobbar så tett med dei på leksehjelp og klubbhusaktivitet. Vi ser også at barna liker godt at vi som voksne er med på aktivitetar som brettspel, teikning, bordtennis og liknande.

Kva har vore det kjekkaste med jobben?

- Høyre alle kommentarane og gullkorna som barna kjem med. 

Korleis ser framtida ut?

- Først skal vi på folkehøgskule i Bergen før vi kanskje reiser til Molde for å studere Sport Management. Vi er ikkje heilt sikre på kva vi vil studere enda, men vil bruke skuleåret som kjem til å bestemme oss.

Vi ønskjer å takke Ludvik og Johannes for jobben dei har utført på FFO og ønskjer dei lykke til med vidare studier og jobb i framtida.

HEIA HØDD!

Annonse fra Obos-ligaen: