Litt nytt frå Høddvoll

Det skjer mykje....

Det skjer mykje på fotballfronten kvar einaste dag på alle nivå. Her er litt av det som har skjedd denne veka.

 * Hødd sitt G16-lag som tok bronsemedalje på Adidas-Cup i helga vann tysdagens seriekamp mot Sykkylven. Resultatet vart 4-3 i sterk vind på Hasundgot si kunstgrasbane. Kampen var flytta til Hasundgot på grunn av stor aktivitet på Høddvoll. 

*G19 tok mandag kveld 3 poeng borte mot Blindheim. Laget vann til slutt 2-1 og er fortsatt med i kampen om 1. plassen. Neste kamp for laget er heime mot Herd mandag.

* J16-laget vann 5-4 i sin kamp borte mot Stranda/Sunnylven tysdag kveld. 

* Hødd G14 vann sin kamp 8-0 mot Bergsøy, heime på Høddvoll.

* Hødd sitt damelag vann komfortabelt 4-1 borte mot Brattvåg tysdag kveld. Stillinga til pause var 3-0. Dermed har Hødd 4 poengs leiing før dei to siste seriekampane. Neste kamp er mandag heime mot Herd, siste serierunde er også heime, då mot Ravn. 

* Dame rekrutt i 4.div spelar toppkamp torsdag kveld borte mot Stordal.

* Marius Hagen er tilbake i trening denne veka, om han rekk kampen mot Arendal til helga er usikkert. 

* Også Jan-Lennart Urke er i framgang etter skaden han fikk i vinter, når tid han er fullt restituert og kampklar er endå litt uvisst.  

* Eirik Franke Saunes fylte 20 år sist laurdag og Joachim Osvold fylte 24 år på søndag, vi gratulerer begge med overstått dag!

Annonse fra Obos-ligaen: