Lagbilete og parade søndag

Søndag gjestar Bryne FK Høddvoll og i samband med denne kampen blir det lagbilete og parade.

Hødd tek i mot Bryne FK søndag 3. juni og det blir biletetaking før kamp og parade i pausen.

Alle lag møter utanfor Høddvollhuset (garderobene) og er klare for biletetaking på gitte tidspunkt under. Lagbileta blir tatt på grasbana.

Dette er bileter som skal brukast i Hødd-årboka og det er derfor viktig at alle tek på seg drakt, shorts og blå fotballstrømper. Altso vanleg fotballutstyr som ein bruker i kamp.

I slutten av første omgang møter laga ved Ulsmohallen og førebur seg til paraden som skal vere i pausen.

Annonse fra Obos-ligaen: