Kristoffer Strand Ødven klar for Hødd

Hødd Fotball og AaFK har blitt einige om ein utlånsavtale for Kristoffer Strand Ødven ut juni.

Annonse:

Kristoffer har trena med Hødd den siste tida og har gjort sine saker så bra i Hødd drakta at han no blir utlånt frå AaFK ut juni månad i første omgang. 

- Vi er glade for at Kristoffer kjem til oss! Ein godt skulert spelar som er ein god ballspelar, er fotballklok og har gode ballvinnareigenskapar. Han kan derfor bekle fleire posisjonar i laget. Som type passa han også perfekt inn i spelargruppa vår, seier hovudtrenar Joakim Dragsten. 

Vi ønsker Kristoffer velkomen til Hødd! 

Annonse fra Obos-ligaen: