Kristoffer Haukås Steinset på lån til Hødd

Sogndal og Hødd er einige om eit utlån for Kristoffer Haukås Steinset ut vårsesongen.

Kristoffer kjem opprinneleg frå Florø, men har frå 2022-sesongen spelt for Sogndal. Ein spennande og ung spelar som har fleire aldersbestemte kampar for Norge.

Hovudtrenar Marius Bøe er svært glad for å ha Kristoffer på plass.
- Kristoffer er ein anvendeleg midtbanespelar med god erfaring frå både OBOS og PostNord-ligaen. I tillegg står han med 15 aldersbestemte landskampar, og han er aktuell for G19 troppen som skal til EM i sommar.
 

- Med skadesituasjonen rundt Isak Skotheim, pluss fleire som har halta ein periode, så valte vi å sjekke moglegheita rundt eit lån på Kristoffer. Gjennom nasjonal utlånsavtale let dette seg gjere.

- Kristoffer er tilgjengeleg i troppen mot Arendal, og vi er svært glade for å ha han på plass her i Ulsteinvik. Takka Sogndal for god dialog rundt spelaren.

Dagleg leiar og Sportssjef, Jesper Törnqvist seier dette i ein kommentar:
- Med Isak ute ein periode etter ei hamstringskade og ein del spelarar som framleis ikkje er 100% ser vi eit behov for å styrke totalen i ein periode. Fleire spelarar på feltet vil gi kvalitet som igjen vil gi utvikling og prestasjon.
 

- Vi får Kristoffer frå Florø med oss i ein periode framover no, og så skal vi ha dialog undervegs om både vår situasjon med tanke på spelarar tilgjengeleg og eit eventuelt lengre samarbeid med Kristoffer.

Annonse: