Krinsmeister i G16 klassa

Hødd sitt G16-lag har gjennomført ein sterk sesong med mange flotte prestasjonar og resultat!

Gutane har hatt ein innhaldsrik sesong med gode treningskampar, seriespel, eliteturnering, NM-kvalik, Adidas Cup og Norway Cup. 

Av høgdepunkta kan vi nemne at G16 vart krinsmeister, og kom på andreplass i Adidas Cup etter ekstraomgongar og straffekonk.

Laget fekk også vere med på avslutningsseremoni for alle krinsmeistarane på Sunnmøre og fekk det synlege beviset utdelt under AaFK sin siste seriekamp heime mot Lillestrøm.

G16-1 avslutta sesongen med ei fin avslutning på Høddvollhuset. Det var talar, film, årskavalkade, Kahoot, matservering og til slutt kåring av spelarane.

Etter ei pause frå organisert trening i to veker er dei no i gang med litt meir trening før juleferie og nytt år med fotball.

Vi ønsker laget lykke til vidare!

Annonse: