Kragset: - Vi er optimistar

Ole Per Kragset har fortsatt god tru på opprykk for damelaget.

Annonse:

Hødd spelte 1-1 på Høddvoll i kampen mot Surnadal/Søya/Todalen, og det er dermed full spenning før returmøtet i Surnadal søndag kl. 15.00. 

- Kva tenkjer du om uavgjort i første møtet?

- Det var ein tøff og jamn kamp mot eit fysisk sterkt lag, men eg meiner vi burde ha vunne. S/S/T var nøgde med uavgjort etter kampen, det var ikkje vi, seier trenar Ole Per Kragset.

- Er du optimistisk med tanke på returkampen og sjansen til opprykk?

- Ja, eg meiner vi har skaffa oss eit godt utgangspunkt. Vi har plukka godt med poeng på bortebane i år, og første kampen viste at vi bør ha gode muligheiter til å klare brasene.

- Blir laget sjåande ut som i forrige helg?

- Det får treningsveka vise. Ellen fekk seg ein smell og er usikker, men ellers ser det bra ut. Vi lærte mykje av første kampen, og reiser nordover fulle av optimisme.

Annonse fra Obos-ligaen: