Kontinuitet i Møreakademiet gutar

Her er status for Møreakademiet foran 2026.

Matt Saunders har signert ny kontrakt som rekrutt-trenar i Hødd, samtidig som han held fram i det nasjonale tiltaket Hødd Elite G14. Christer Johansen fortset som trenar for det som neste år vert G17-akademi, i tillegg til G15 Nasjonal. Arnfinn Ingjerd held òg fram i rolla som trenarrettleiar.

På G14-akademi kjem Benjamin Soløy Kaldhol inn som ny hovudtrenar, og han får samtidig ansvaret for Hødd G13 Elite. Akademisjef Magne Elde har derimot takka ja til eit tilbod frå Sogndal.

Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette:

– Møreakademiet gutar har hatt eit hektisk og innhaldsrikt år i 2025 med mykje nytt, både nasjonal serie og elite-tiltak. Dette er viktige element i strategien vår om å byggje eit enno meir lokalt og regionalt lag i åra som kjem. Difor er det svært gledeleg at vi har signert nye kontraktar som sikrar kontinuitet og kompetanse vidare.

Samtidig ynskjer akademileiar Magne no å ta steget ut på bana som hovudtrenar for Sogndal FK kvinner. Det betyr at vi no er godt i gang med å finne vår nye akademileiar på gutesida.

Magne har levert svært godt det året han har vore hos oss, og saman med laget har han rigga akademiet for framtida ved å sikre to nye stjerner i NFF si akademiklassifisering. Tusen takk for innsatsen – og lykke til vidare!

Akademisjef Magne Elde om sitt år i Hødd:

– Eg har hatt eit fantastisk kjekt og lærerikt år i Hødd Fotball som utviklingsleiar. Vi har saman lukkast med det aller viktigaste: å klassifisere Hødd til to stjerner i akademimodellen for dei neste åra.

Hødd er ein klubb med utruleg mange flotte og dyktige folk, og ikkje minst sterke verdiar. Eg skulle gjerne vore ein del av klubben lenger, men då ei ny og spennande trenarutfordring dukka opp, valde eg å følgje trenardraumen denne gongen.

Eg takkar for samarbeidet og ynskjer Hødd all mulig lukke til i framtida!

Annonse fra Obos-ligaen: