KNEPENT TAP FOR REKRUTTANE

Fredag kveld spelte Hødd 2 bortekamp mot 3. divisjonslaget Spjelkavik. Det enda med knepet 3-2 tap etter ei scoring imot på slutten av kampen.

Hødd 2 opna kampen best, hadde ballen mest og skapte flest sjansar - i sjansestatistikken stod det etter 30 minutt 1-3 favør bortelaget. Litt mot spelets gang fekk heimelaget straffe etter eit gjennomspel, og straffesparket sette dei i mål. 1-0. Få minutt seinare skulle derimot Hødd få ei fortent utlikning. Håkon Brautaset klinka eit frispark opp i vinkelen frå 20 meter og 1-1 var eit faktum. Resultatet stod seg til pause i ein omgang der rekruttane var det beste laget. 

Etter pause heva Spjelkavik seg og det vart ein jamnare kamp. Først gjekk dei opp til 2-1 på eit frispark frå distanse. Hødd pressa på for ei utlikning etter 2-1-målet, og fekk etter kvart ei fortent 2-2 scoring ved Håkon Thormodsæther etter eit flott angrep som enda med innlegg frå høgre side. 

Det såg ut som 2-2 skulle stå seg siste fløytesignal, men Spjelkavik fekk siste og avgjerande målet kort tid før slutt. Eit frispark på eigen halvdel blei slått inn i 16-meteren til Hødd, og etter ein stuss fekk Anders Waagan satt ballen i mål til 3-2.

Ein god prestasjon av rekruttane mot eit godt 3. divisjonslag! Neste kamp for Hødd 2 er søndag 24. mars kl. 18.00 på Høddvoll mot Bergsøy! Vel møtt!

Annonse fra Obos-ligaen: