
Knalltilbod på buss til bortekampen mot AaFK
I samarbeid med Generalsponsor Sparebanken Møre og West Auto vil det bli satt opp to gratisbussar til bortekampen mot AaFK 16. mai! Toppfotball Sponsor/ samarbeidspartnar
Det er stor interesse for lokalderbyet, og det er venta mykje folk på Color Line Stadion når AaFK og Hødd skal kjempe om poenga på fotballens nasjonaldag.
For at flest mogleg skal få ta del i kampen, så vert det satt opp to gratisbussar som går til Ålesund før kamp og med retur etter kampen.
Avreise vil bli kl. 16.00 frå bussterminalen i Ulsteinvik sentrum og med retur frå Color Line Stadion kl. 20.15.
Dei 100 første som kommenterer på Facebook får plass i bussen.
Tusen takk til Sparebanken Møre og West Auto!
Er du kunde i Sparebanken Møre har du også 50% rabatt på kampbilletten. For meir informasjon, sjå sbm.no.
Bli med og støtt dei blåkvite i lokalderbyet mot AaFK 16. mai!
