Knallsterkt bortesiger på Melløs stadion

Hødd tok ein knallsterk bortesiger over Moss på Melløs stadion laurdag.

- Vi gjer ein veldig god bortekamp, og det er ingen tvil om at vi er i form med 20-3 i fem strake sigrar. Der tre av dei er på bortebane, seier hovudtrenar Kevin Knappen etter den sterke bortesigeren på Melløs stadion. 

Slik var kampen 

Vi tok kommandoen frå start på Melløs og etter 11 minutt sat den i nettet bak ein veldig god heimekeeper Mathias Eriksen Ranmark. Eit angrep som starta heilt bak hos vår sisteskanse Origi. Etter ein stuss frå Scriven og ein touch frå Løken var det Hjelmeseth som fekk ein enkel oppgåve å sette ballen i det opne målet. Effektiv fotball! 

Heimelaget sleit med å få til noko som helst mot eit godt og komakt Hødd-lag, men etter 24 minutt blei det balanse i rekneskapet på Melløs. Eitt hjørnespark fann pannebrasken til stoppar Andersen og vi var like langt på Melløs.

Men vi lot oss ikkje påverke, lada om og slo enda hardare tilbake. Vi dikterte det meste på Melløs, mot eitt kompakt Moss. Vi hadde eit par tre sjansar til å auke leiinga, men vart hindra av den utlånte Molde-keeperen ved fleire høve.

Utflyttar og eks Høddar, Mohammed frå G14 i fjor var også på plass for å heie på Hødd.
Utflyttar og eks Høddar, Mohammed frå G14 i fjor var også på plass for å heie på Hødd.

Men vi skulle få betalt for presset. 39 minutt var spelt på Melløs då Robin Hjelmeseth viser oss korleis overstegsfinter skal gjerast etter nok ein assist frå Løken. Aleine med Ranmark satte Hjelmeseth ballen mellom beina på keeperen. Så var vi tilbake i leiinga.

Over i andre omgang var Hødd frampå igjen. Alfred Scriven blir flott spelt gjennom av Rise, men ballen går til side for mål. Etter det gjer vi eitt par bytter. Leine og Moussinga kom inn for Scriven og Skeide. Mousinnga utfordrar inn i 16 meteren etter stuss frå Leine. Paul blir felt og dommar peikte bestemt på straffemerket.

Robin hadde moglegheit for å sette hattrick, men keeper redda meisterleg. 

Så var Wrele nære å auke leiinga då han heada ballen i tverrliggaren etter eit hjørnespark få minutt etter straffebommen. Leine setter også ballen i tverrliggaren etter eit flott gjennombrot på kant og innlegg 45 grader av Hjelmeseth.

Mot slutten av omgangen flytta MFK laget høgre opp i bana i eit forsøk på ei utlikning. Etterlate rom er noko vi er gode på å utnytte. Ein ballmiss frå MFK langt inne på vår banehalvdel, gir oss moglegheit til å forsterke ubalansen hos motstandar. Då fekk vi innbytar Jann Julin Benjaminsen fastsette sluttresultatet til 1-3 inne i overtida. Servert av ein annan innbytar Skotheim.

Takk til Blåsarane og andre Hødd tilhengarar som var på Melløs denne laurdagen. Over 30 i talet er imponerande på bortebane!

Sjå kamphøgdepunkt frå kampen her:


Neste heimekamp

Hødd tek imot Bærum til årets siste seriekamp i PostNord-ligaen førstkomande søndag kl. 13.00. Vi oppmoda folk om å kome å støtte laget i siste seriekamp før kvalifiseringa til OBOS-ligaen starta helga etter. 

Her kan du sikre deg billett til kampen:

Annonse: