KLUBBORGANISERT TRENING

Les kva reglar som gjeld ved gjenomføring av klubborganisert trening! Viktig også at dei laga som ønsker å få tildelt treningstid melder dette inn til Sportssjef breidde Jesper Törnqvist.

Vi viser til at Hødd opnar opp den Klubborganiserte treninga innanfor reglar og rammer som er gitt av Helsedirektoratet og Norges Fotballforbund. Laga som ønsker å trene (vi håper det blir alle lag), må melde frå, og må innrette seg etter dei rammer som klubben setter. Vi er heilt avhengige av dokke som foreldre for å få barne- og ungdomslaga til å gjennomføre treningane som tidlegare i år, men det er meir ressurskrevjande og fleire må vere på kvar trening. Den vanskelege situasjonen som alle idrettslaga no er inne i fører til at Hødd Fotball framleis vil ha tilsette delvis permitterte, og laga må som tidlegare framleis organisere seg sjølve under treningane.

Eksempel: Har laget ditt 20 spelarar, så må ressursane deles inn i 5 grupper a fire spelarar på kvar si sone på bana, pluss 5 trenarar/ foreldre som styrer kvar si gruppe.

Det krev ressursar til å følgje opp dei strenge smittevernreglane som er nedfelt og som må følgast:
1. Maks 5 personar, min 2m avstand med øvingar som tilrettelagt i samsvar til dette.
2. 1 trenar/ vaksen pr. 4 jenter/gutar (1+4) i oppmerka sone på bana.
3. Alle lag får tildelt treningstider som skal følgast på same måte som elles.
4. Treninga skal gå føre seg med faste inndelte grupper på (1+4) slik at man også på den måten reduserer smitterisiko.
5. Det er ikkje tillate med aktivitetar der spelarane kjempar om ballen eller på anna måte er i nærkontakt med kvarandre.
6. Ballen er ein potensiell smittekjelde og må reingjerast med såpe før og etter bruk.
7. Ikkje ta på ballen med hendene og unngå heading.
8. Kjegler og annet utstyr bør handterast av ein og same person gjennom heile aktiviteten.
9. Husk gode hygienerutinar i forbindelse med aktiviteten, grundig vask av hender, før og etter aktiviteten.
10. Klubbhuset og garderobane er framleis stengt.
11. Den som måtte vise symptom på noko form for sjukdom skal ikkje møte på trening.
12. Trenarar må møte i god tid før treninga, både for å ta imot spelarane samt legge til rette for mest mogleg effektiv og forsvarleg trening.
13. Keeper: berre ein person pr. femmar-gruppe kan ta på ballane gjennom økta, det er då rom for at ein person (jente/ gut) kan vere keeper.
 
Laga som ønsker å få tildelt treningstid melder dette inn til Sportssjef breidde Jesper Törnqvist på e-post [email protected]. E-posten må innehalde:
  • Namn på lag (årgang J/G 2007 etc.).
  • Hovudtrenar og kontaktperson.
  • Treningsdag(ar) og tidspunkt.
  • Ca tal på spelarar som skal trene.
  • Kor mange trenarar/ foreldre som kan mønstrast. Hugs «1+4 regelen» må etterfølgast.

Vi tek sikte på å starte med 2 økter i veka frå og med 2006 kulla og eldre. For årgangane til og med J/G 2007 starta vi med 1 en økt i veka. Dersom det blir kapasitet vil dei yngste kunne få ei ekstra økt. J/G 2007 vil bli prioritert først.

Frist: onsdag 29 april kl. 1200. Eit informasjonshefte vil bli presentert for lagledarane til kvart lag.

Annonse: