KLUBBDOMMARKURS PÅ HØDDVOLL

Onsdag 12. mai kl. 18.00 blir det arrangert klubbdommarkurs på Høddvollhuset.

Har du eit ønske om å tjene litt ekstra kroner? Då må du melde deg på klubbdommarkurset på Høddvollhuset! Som klubbdommar vil du få moglegheita til å dømme kampar, samtidig som du vil få ei inntekt. Vi håpar derfor du melder deg på kurset!

Kurset tek for seg barnefotball 3ar til 7ar fotball og Abbas Tamim blir kursrettleiar denne kvelden. 

Deltakarane melder seg på kurset gjennom linken under, og det må vere minst 12 påmeldte innan fem dagar før kursstart for at kurset skal gjennomførast. 
 
 
Vi minner også alle deltakarane om smittevernreglane ved gjennomføring av kurset!
Kvar deltakar vil ha eigen plass, husk antibac, og det er også viktig at alle held avstand før, under og etter kurset.
 
Annonse: