Klart for siste serierunde

Det er klart for siste serierunde før herrelaget jaktar opprykk i kvalifisering.

Søndag 13.00 tek vi imot Bærum til sesongens 26. og siste serierunde på Høddvoll. Kampen har, som dei fleste veit, liten betydning for tabellen, men for Hødd gjeld det å gå inn i kvalifisering med endå meir sjølvtillit.

*Sikre deg billett til kvalifiseringa her.

Hødd har vunne sine siste fem kampar og kan dermed avslutte seriespelet med seks sigrar på rad. Sist helg vart det 1-3 og tre poeng på Melløs, noko spelarane jaktar også no.

Søndagens, motstandar, Bærum, spelte uavgjort mot VIF 2 sist helg, men dei har vunne tre av sine siste fem kampar. Også for dei er kampen ubetydelig, sett vekk ifrå at dei kan gå forbi Moss og ta 9. plassen.

Kjøp kampbillett her

I det motsette oppgjeret mellom laga enda kampen etter ein slitekamp på ei dårleg kunstgrasbane. Hødd sin toppscorar, Oskar Løken, scora Hødd sitt mål. Bærum er nok revansjelystne, men forhåpentligvis er ikkje det nok til å stoppe Hødd-toget.

Kampstart er 13.00 på Høddvoll, og vi håper du tek turen. Billett kan du kjøpe her. Den blir også sendt på Vikebladet og Sunnmørsposten.

Velkomen til kamp!

Annonse: