Klart for flomlyskamp

Kampen blir spelt på Høddvoll onsdag 14. oktober klokka 19.00.

Annonse:

Billettar kjøper du her. Oppgjeret blir også sendt på TV 2 Play.

Hødd er inne i ein formdupp, men etter ein god sesong så langt ligg laget på 7. plass, med berre fire poeng opp til playoff. Med fem kampar igjen å spele har Hødd alt å kjempe for! 

Bli med og støtt gutta når vi no går inn i ein spennande sesonginnspurt der alt skal avgjerast! 

Hødd vil snu den negative trenden 

Hødd har tapt fire kampar på rad i OBOS-ligaen, og er inne i si tøffaste periode denne sesongen. Heime har dei blåkvite tapt dei to siste kampane, men står likevel med gode 7–1–4 på Høddvoll denne sesongen. 

Cameron Streete står med åtte scoringar så langt i OBOS-sesongen, medan Martin Håheim-Elveseter er oppe på fem nettkjenningar. 

Ranheim – eit målrikt lag 

Berre tre lag har scora fleire mål enn Ranheim i år. Samtidig har laget frå Ranheimsfjæra sleppt inn flest scoringar i heile OBOS-ligaen. På dei to siste kampane har Ranheim først vunne 5–0, før det enda med eit 2–6-tap. Det summerer sesongen godt for laget frå Ranheimsfjæra. 

Ranheim ligg tre poeng bak Hødd. Mikael Tørset Johnsen er toppscorar med 14 scoringar, medan Andreas Fossli har ti kasser. 

Siste fem oppgjer mellom laga 
2026 - OBOS-ligaen: Ranheim–Hødd 3–2 (Dalsgaard, Streete) 
2025 - OBOS-ligaen: Ranheim–Hødd 2–1 (Haugland) 
2025 - OBOS-ligaen: Hødd–Ranheim 0–1 
2023 - OBOS-ligaen: Hødd–Ranheim 0–0 
2023 - OBOS-ligaen: Ranheim–Hødd 0–0 
 

Bli med og støtt dei blåkvite! 

Det ligg an til eit spennande og målrikt oppgjer på Høddvoll! Hødd treng poenga for å halde liv i playoff-håpet, og med berre tre poeng ned til Ranheim er det mykje å spele om. 

No håpar vi at publikum stiller opp og gir gutta den støtta dei treng for å snu den negative trenden. Ta med familie og kjende, og bli med og støtt dei blåkvite i den viktige sesonginnspurten! 

Annonse fra Obos-ligaen: