Klar for oppkøyringa til ny sesong

Måndag starta damelaget oppkøyringa til ny sesong, og vi har derfor tatt oss ein prat med hovudtrenar Ronny Osnes i forkant av treninga.

Han ser fram til å kome i gang med treningane igjen og starte pre-season.

- Vi starta ei veke tidlegare i år, og første økta er måndag. Det skal bli fint å møte spelarane og kome i gang med pre-season! Vi hadde siste trening med turneringsspel før jul, men eigentleg har vi hatt opphald i desember. Første treninga blir nok mykje ball og spel, som eg nok trur spelarane vil gle seg til.

I vinter seier han at tanken er å køyre fire fellesøkter i veka, og seier øktene blir tøffare enn tidlegare for å vere klare til seriestart rett etter påske.

- Oppkøyringa blir i utgangspunktet fire treningar i veka. Vi kjem til å ha ein balanse i intensitet, men delvis tøffare økter enn tidlegare. Seriespelet starta allereie rett etter påske, i første veka i april og vi må bu oss godt til denne. Det blir 12 tøffe kampar mot sterkt motstand – så vi må halde oss friske og få trena godt, så vi er best mogleg budde. Eg har registrert at kretsen har sett eit utgangspunkt med kampdagar onsdag i serien, og det synst eg ikkje noko om! Kampane bør leggast til helg slik det både kan lagast gode kamparrangement og også slik at det då blir lettare å få dommartrio på kampane. Det vil gi ein heilt anna kvalitet i kampane. Eg håper derfor dette blir gjort om enten av kretsen eller mellom laga sjølve. Eg rekna med det ikkje berre er vi i Hødd som har mykje skuleelevar i troppen som gir ei enda sterkare belastning på spelarane med kampdag i midtveka.

Fleire av spelarane skal også spele NM-kvalifisering for J19 i Januar over fire helgar på rad, der Hødd skal møte Blindheim, Aksla, AaFK Fortuna og Herd. Pr. no er stallen litt liten, men Ronny seier fleire kan kome til etterkvart.

- Totalt er det tilgjengeleg 13 spelarar i troppa, pluss nokre usikre kort som kan kome til etterkvart. Vi har også ei hospiteringsgruppe md 4-6 spelarar som kjem til å få tilbod om å trene mykje med damelaget, og nokre av desse kan bli flytta opp etterkvart.

Når det gjelder treningskampar i vinter er ikkje alt spikra enda.

- Alt er ikkje på plass i laga rundt oss – så det fell nok på plass konkret etterkvart. Vi har avtalt å møte Sverre Økland – AaFK Fortuna, Måløy FK og Volda, men endeleg tidspunkt er då ikkje landa heilt enda. Men eg ønsker også meg eit par motstandarar til, og her har vi «følarar» ute. Gruppa skal som nemnt også gjennom J19-kvalifiesering i januar,/ februar, og desse går i utgangspunktet i Sparebanken Møre Arena. Vi har eit håp om at nokon av kampane der vi er satt opp som heimelag kan spelast på Høddvoll, men det får tida vise.

Annonse: