Kjetil Holand Tøsse og Bernardo Morgado klar for Hødd

Kjetil Holand Tøsse og Bernardo Morgado er klar for Hødd og har skreve under på ein avtale som strekkjer seg ut 2023-sesongen.

Sportssjef Jesper Törnqvist:

- Kjetil er ein lokal spelar som har stor erfaring frå OBOS-ligaen med nesten 100 kampar. Ein lagspelar som er anvendeleg og har ein god venstrefot. Vi har i fleire år hatt god dialog med Kjetil og endeleg har vi fått til ein avtale, og han skal inn i den blå drakta på Høddvoll!

- Bernardo har starta sin fotballkarriere i storklubben Sporting og har gjennom tre gode år i Sverige blitt ein solid, fysisk god stoppar. Bernardo har i vinter vore på blokka til fleire klubbar i Superettan i Sverige. Vi har etter eit prøvespel i januar, pluss eit opphald på Marbella blitt godt kjent med både spelar og person. Bernardo gir oss ein verbal stoppar som vil gå i krigen for å gi laget poeng.

Annonse: