Kjempestemning på Gatelagskampen
A-laget stilte som supportarar på Felt Blå og laga ei fantastisk stemning, og fekk sjå Hødd vinne og ta tre poeng! Hødd samfunn
Hødd Gatelag sin første seriekamp med 2 x 30 minutt vart gjennomført onsdag på Høddvoll mot AaFK. A-laget stilte som supportarar på Felt Blå og laga ei fantastisk stemning, og fekk sjå Hødd vinne og ta tre poeng! Etter kampen vart det sosial samling med pizza på Høddvollhuset. Takk til Hødd A-lag og AaFK Gatelag for ein fantastisk dag!
Det er utruleg kjekt at vi i år har starta Fair-Ligaen Midt! Vårsesongen blir spelt over to oppsamlingsrundar i Kristiansund og Molde, i tillegg til dagens enkeltkamp mot AaFK.
Mykje skjer framover for Hødd Gatelag! Vi skal til Molde tidleg i mai og spele mot Kristiansund og Rosenborg, vi skal til Ranheim for todagarsturnering, jentene skal på jentesamling i Oslo, og vi skal til Skien for årets høgdepunkt – nasjonal turnering.
I tillegg vert det todagarsturnering på Høddvoll i oktober med Rosenborg, Ranheim, Kristiansund, Molde og AaFK som gjestar.
For ein sesong dette skal bli! 💙
#samholdpåekte #hødd
