Kjekke sponsorsamling
Tysdag kveld arrangerte Hødd Fotball sponsortreff på Høddvollhuset.
Hødd Fotball inviterte til sponsortreff på Høddvollhuset tysdag kveld og fleire sponsorar var med.
Sparebanken Møre, Fjord1, Vikebladet Vestposten, Tussa, Jets, Nord-Berg, Quality Hotel Ulstein og Furene deltok under sponsortreffet.
- Ein stor takk til alle sponsorane som kom på sponsortreffet i kveld. Veldig kjekt at vi endeleg kan samlast igjen. Det har vore eit ønske frå mi side ei god stund at vi skulle få til ei slik samling og eg håper alle som kom hadde ein kjekke dag med oss, seier marknad- og medieansvarleg i Hødd Fotball, André Aurvåg Gardshol.
Maten som vart servert var levert av vår samarbeidspartar Sunnmøre Folkehøgskule og her fekk deltakarane servert biffgryte med ris, salat og brød, og eit kakestykke til dessert.
Hødd Fotball har plana om fleire sponsortreff i 2023. Tusen takk igjen til alle som kom på årets første sponsortreff!