Kick-Off A-lag

Hødd Fotball og Brygga Sportsbar inviterer til kick-off fredag 1. april!

Det nærma seg med stormskritt ny sesong og vi kan nesten ikkje vente med å kome i gang!

Vi inviterer derfor til kick-off på Brygga Sportsbar fredag 1. april.

Det blir spelarpresentasjon, intervju, sosialt samvær og allsang med hymna "Liten, men stor". Vi gler oss!

For å vite kor mange som kjem ca, så ber vi alle som har tenkt seg på arrangementet om å ta seg ut ein billett. Billetten er gratis og du vil enkelt få tilgang til den i TicketCo appen, SMS eller e-post etter billetten er sikra til Kick-Off! 

https://hodd.ticketco.events/no/nb/e/kickoff

BRYGGA SPORTSBAR

I samarbeid med Brygga Sportsbar blir det følgjande tilbod denne kvelden:
- Matchday burger frå kl. 19.00 - 21.30.
- Matchdaypris, og Blåsarpris for medlemer i supporterklubben.
 
Bli med på ein fantastisk flotte kveld i saman med Blåsarane supporterklubb og alle blåkvite som er glade i Hødd 💙⚽️
 
Annonse fra Obos-ligaen: