KEVIN: - VI HAR KOME GODT I GANG MED OPPKØYRINGA

Hovudtrenar Kevin Knappen summerer opp dei første vekene med trening.

Laget har no fått nokre veker med trening på feltet. Korleis føler du laget har respondert på trening så langt?

- Vi har kome godt i gang med oppkøyringa, ingen belastningsskadar enn så lenge. Og vi vil gradvis auke intensiteten i oppkøyringa, men sjølvsagt fokus på periodisering.

Er du nøgd med kvaliteten på trening?

- Kvaliteten har vore ok, noko veldig bra, men også noko som skal bli mykje betre. Ikkje uvanleg ved oppstart til ny sesong, men vi har mange av spelarane på plass tidleg, så der er vi i rute om vi tenker same tid i fjor.

Laget skal jobbe knallhardt i vinter med å bygge opp den fysiske forma slik dei er best mogleg rusta til seriestart. Korleis vil vekene framover sjå ut for å bygge opp den fysiske kapasiteten i spelargruppa?

- Som sagt vil det no vere ei gradvis opptrapping i intensitet og mengde, dette for å bygge opp spelarane sin grunnfysikk og base til å tole mykje og intensiv trening over tid.  

Blir spelargruppa testa i jamne mellomrom i vinter?

- Testar vil bli gjort med jamne mellomrom, IR-2, vekt og feittprosent for å kunne styre/rettleie og korrigere enkelte som har behov for det.
 

Annonse: