Kampen om playoff: Hødd – Odd

Kampen blir spelt på Høddvoll laurdag 3. oktober klokka 16.00.

Annonse:

Billettar kjøper du her. Oppgjeret blir også sendt på TV 2 Play.

Hødd og Odd kjempar mot kvarandre om ein plass i playoff om opprykk til Eliteserien. Med sju serierundar igjen ligg Hødd to poeng bak laget frå Skien, og dei blåkvite møter eit Odd-lag dei har vore ubesigra mot i dei tre siste oppgjera.

Det er med andre ord duka for ein skikkeleg rysar på Høddvoll!

Sterke heime på Høddvoll

Hødd tapte sin siste heimekamp, men står likevel med sterke 7–1–3 på Høddvoll så langt denne OBOS-sesongen.

Dei blåkvite ligg på 7. plass, eitt poeng bak Bryne og to poeng bak Odd. Hødd har framleis alt i eigne hender i kampen om playoff-plass, ettersom både Odd og Bryne skal møte Hødd på Høddvoll i dei sju siste serierundane.

Cameron Streete står med åtte scoringar så langt i OBOS-ligaen, medan Martin Håheim-Elveseter har fem nettkjenningar.

Odd med storsiger sist

Odd, som blir trena av den tidlegare Premier League-spelaren og danske landslagsspelaren Per Frandsen, står med to sigrar på dei sju siste kampane i OBOS-ligaen.

I den siste kampen slo dei Egersund heile 5–1. På bortebane står laget med 4–3–4 så langt denne sesongen.

Faniel Tewelde har vore Odd sin store målscorar denne sesongen og står med 15 scoringar. Sanel Bojadzic har åtte nettkjenningar.

Siste fem oppgjer mellom laga

2026 - OBOS-ligaen: Odd–Hødd 0–0
2025 - OBOS-ligaen: Odd–Hødd 1–2 (Bergset Robertsen 2)
2025 - OBOS-ligaen: Hødd–Odd 3–1 (Urnes, Myrlid, Skotheim)
2008 - OBOS-ligaen: Odd–Hødd 4–0
2008 - OBOS-ligaen: Hødd–Odd 1–2 (Magnussen)

Alt ligg til rette for ein thriller

Det er tett i toppen av OBOS-ligaen, og med sju serierundar igjen kan kvar einaste poeng bli avgjerande. Hødd vil med siger på ny vere på playoff!

Laurdag treng vi alle på Høddvoll!

Ta turen til Høddvoll og bli med på å skape ei blå og kvit ramme rundt ein av dei viktigaste kampane denne sesongen.

Annonse fra Obos-ligaen: