Kampen om playoff: Hødd – Bryne

Kampen blir spelt på Høddvoll søndag 1. november klokka 17.00.

Annonse:

Billettar kjøper du her. Oppgjeret blir også sendt på TV 2 Play.

Hødd har allereie poengmessig levert sin beste sesong i OBOS-ligaen sidan 2015. Men med to serierundar igjen ligg det også ei ekstra gulrot og ventar: Hødd kan klare opprykksplayoff! Då må dei blåkvite vinne sine to siste kampar, samstundes som Ranheim ikkje klarer å gjere det same.

Hødd mista poeng på overtid mot ligaleiar Haugesund på bortebane førre helg, etter poengdeling mot Ranheim og storsiger mot Raufoss i dei to føregåande kampane.

Hødd ligg no på 8. plass og kan ende på alt frå 6. til 10. plass på tabellen. Bryne vil vere bak Hødd på tabellen dersom dei blåkvite vinn sine to siste kampar. I så fall må Ranheim slå både Sogndal og Kongsvinger for å gå forbi Hødd. Dersom dei ikkje klarer det, ventar opprykksplayoff på Hødd!

Heime på Høddvoll vart det heile 5–1 mot Raufoss sist, og Hødd står dermed med sterke 8–2–4 på eige gras denne sesongen.

Jon Berisha har putta fire mål på dei to siste ligakampane og er dermed oppe i fem scoringar i OBOS-ligaen for Hødd, like mange som Martin Håheim-Elveseter. Cameron Streete har åtte.

Bryne står med fire strake kampar utan siger i OBOS-ligaen, men ligg likevel på den siste playoff-plassen. Fjorårets Eliteserie-lag fekk ein tøff start på sesongen, men har plukka godt med poeng utover hausten.

Det blir også eit gjensyn med Høddvoll for Bryne-trenar Ørjan Heiberg, som var assistenttrenar i Hødd for nokre år tilbake. Det har vore anten eller for Bryne på bortebane denne sesongen. Jærbuane står nemleg med seks sigrar og åtte tap på reise i år – utan ein einaste uavgjortkamp.

Luka Fajfric står med 11 nettkjenningar i OBOS-ligaen, etterfølgd av Nicklas Strunck med åtte.

Siste fem oppgjer mellom laga:

2026 / OBOS-ligaen: Bryne–Hødd 1–0
2023 / OBOS-ligaen: Bryne–Hødd 2–1 (Tøsse)
2023 / OBOS-ligaen: Hødd–Bryne 0–1
2019 / PostNord-ligaen: Hødd–Bryne 2–1 (Sætre, Hjelmeseth)
2019 / PostNord-ligaen: Bryne–Hødd 1–1 (Hasund)

Alt å spele for – vi treng dykk på Høddvoll!

To kampar står mellom Hødd og ein mogleg plass i opprykksplayoff. Først ventar Bryne på Høddvoll, og med tre poeng søndag held draumen om meir liv i sesongen seg høgst levande!

No handlar det om å stå saman. Spelarane skal gjere sin jobb på bana, og vi håpar publikum stiller opp og gir dei blåkvite den støtta dei treng. Ta med familie og kjende, kle deg i blått og bli med på å skape ei ramme som løftar laget fram mot tre nye poeng!

Saman skal vi kjempe for playoff!

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Haugesund Haugesund 28 20 2 6 81 47 34 62 V U V T V
2 Strømsgodset Strømsgodset 28 18 6 4 76 34 42 60 V V V V T
3 Kongsvinger Kongsvinger 28 18 5 5 82 45 37 59 V V T V T
4 Stabæk Stabæk 28 17 4 7 66 34 32 55 T U V V V
5 Odd Odd 28 13 6 9 54 43 11 45 V V V T T
6 Bryne Bryne 28 12 4 12 40 41 -1 40 V T U T U
7 Ranheim TF Ranheim TF 28 11 5 12 71 68 3 38 V T U V V
8 Hødd Hødd 28 11 5 12 49 56 -7 38 T T U V T
9 Strømmen Strømmen 28 10 6 12 49 59 -10 36
10 Egersund Egersund 28 9 8 11 45 56 -11 35 T V U U U
11 Lyn Lyn 28 9 4 15 42 59 -17 31 T T T V T
12 Sogndal Sogndal 28 8 6 14 47 61 -14 30 T T U V V
13 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 28 8 5 15 39 55 -16 29 U U T T V
14 Moss Moss 28 8 5 15 41 59 -18 29 T V U T T
15 Åsane Åsane 28 7 5 16 40 62 -22 25 T V T T V
16 Raufoss Raufoss 28 6 2 20 31 74 -43 20 T U T T T

Annonse fra Obos-ligaen: