Kampar på Høddvoll denne veka
Både damelaget, herrelaget og rekruttlaget skal i aksjon denne veka. Toppfotball A-lag damer Hødd 2 Møreakademiet
Tysdag står «slaget om Ulstein» når Hødd-damene møter Hasundgot i den fyrste kampen i gruppespelet i Sunnmørsposten Cup. Dette er samstundes årets fyrste kamp for Hødd, som spelar éin divisjon over gjestene frå Dimna. Hødd vann turneringa i 2024, og har lyst til å hente heim trofeet også i år. Aksla og Brattvåg er dei to andre klubbane i gruppa. Kampen mellom Hødd og Hasundgot har avspark tysdag kl. 19.00 på Høddvoll.
Onsdag kl. 18.00 skal Hødd-gutta måle krefter med Træff frå PostNord-ligaen. Dette vert årets fjerde treningskamp for Hødd, men den fyrste heimekampen for Ivan Poulsen sine menn. Hødd har tidlegare i år spelt 0–0 borte mot eliteserielaget Kristiansund, 0–2 mot Brattvåg frå PostNord-ligaen og 0–2 mot AaFK frå Eliteserien. Træff tapte 0–4 i sin fyrste treningskamp for sesongen borte mot Molde.
Rett etter A-laget sin kamp mot Træff kan du også få med deg årets fyrste kamp for G16 Akademi. Dei møter Ørsta i vintercup kl. 20.00 på Høddvoll. Hødd møtte også Ørsta i treningskamp nyleg, og vann då 4-0.
Fredag kl. 18.30 skal Hødd sitt rekruttlag i aksjon mot Spjelkavik frå Norsk Tipping-ligaen på Høddvoll. Hødd 2 skal ta til på ein ny sesong i 4. divisjon, og møtte også motstand frå divisjonen over i årets fyrste treningskamp, då dei tapte 1–5 mot Volda.