Kampar denne veka
Fleire Hødd-lag skal i aksjon denne veka. Toppfotball A-lag damer Møreakademiet
Hødd J15 vann 3–2 i den fyrste kampen sin i vintercupen borte mot Langevåg/Sula 2 for to veker sidan. Onsdag kl. 18.30 møter dei Rollon/Aksla/Guard 2 på Høddvoll i den andre gruppespelskampen.
Torsdag skal Hødd G16 Akademi i aksjon i vintercupen mot Rollon/Guard på Høddvoll kl. 18.30. Hødd vann 5–0 mot Ørsta 2 i den fyrste kampen sin i gruppespelet.
Hødd 2 møter Herd til treningskamp fredag kl. 18.30 på Høddvoll. Det er tredje gongen på rad at Hødd sitt rekruttlag i 4. divisjon møter motstand frå Norsk Tipping-ligaen. I førre kamp vart det 5–2-siger heime mot Spjelkavik.
A-laget for herrar får Sogndal på besøk laurdag kl. 12.00. Det blir årets fyrste test mot eit lag frå OBOS-ligaen for Ivan Poulsen og hans menn.
Hødd G17 Akademi spelar borte mot Molde laurdag kl. 16.30.
Hødd G15 Nasjonal har bortekamp mot Kristiansund søndag kl. 16.30.
A-laget for damer skal i aksjon igjen i Sunnmørsposten Cup søndag mot Aksla. Kampstart er kl. 18.00. Damelaget vann 5–1 mot Hasundgot i den fyrste gruppespelskampen.