Kamp 2: Arendal borte

Hødd tek med seg ei 2-1-leiing før kamp to mot Arendal. Vi er dermed i førarsetet, men ingenting er avgjort.

Herrelaget er allereie på veg sørover til Arendal før kampen i morgon. Etter ein god kamp sist, er spelarane igjen heiltente før laurdagens oppgjer.

- Eg synes vi spelte ein bra kamp sist, spesielt første omgang, då vi kunne scora meir. Vi er ikkje like gode i andre omgang, men vi har framleis momentum til kampen i helga, seier Syver Skeide.

Ungguten har fått sjansen utover hausten i år og har gripe den med begge henda. Mot Arendal blei han også kåra til Sparebanken Møre sin bestemann.

- Det føles bra. Eg synest eg gjorde ein god kamp ilag med resten av laget, seier han.

Før bortemøtet har Hødd ei eittmålsleiing, men ifølgje Syver skal ikkje laget reise dit for å tenke defensivt.

- Vi skal spele på same måte som i alle andre kampar. Det har vore ein lang sesong, men det er no vi skal vise kva vi er gode for. Vi må berre køyre på og gå for å score mål. Vi kjem nok ikkje til å legge oss bakpå, meiner han.

Kampen startar 15.00 på Norac Stadion. Dersom du ikkje er i Arendal, kan du som alltid sjå kampen på Vikebladet eller Sunnmørsposten.

Heia Hødd!

*Dersom Hødd tek seg vidare, vil neste kamp gå førstkomande onsdag på Høddvoll.

Annonse: