Kallevåg tilbake i Hødd-drakta!

Torbjørn Kallevåg har signert ein kontrakt med Hødd som strekkjer seg ut 2025-sesongen!

- Eg vil starte med å sei at eg er utruleg stolt og glad for å kunne spele i Hødd-drakta igjen. Eg har følt meg ekstremt ønska av alle i og rundt klubben, samtidig som eg sjølv også verkeleg ønska at dette skulle skje. Eg ser veldig fram til nye år i Hødd-drakta og vi skal bite godt frå oss i OBOS. Eg vil også ønske alle blåe Hødd-hjarter ei god jul.

Sportssjef Jesper Törnqvist er glad for å sikre seg signaturen til Kallevåg:

- Ein lang prosess som vi endeleg har klart og lande. At ein spelar i sine beste fotballår vil til oss frå Eliteserien er veldig gledeleg og stort for klubben!
Ei fantastisk signering for oss! Både som spelar, person og Høddar! Kalle er heime!


Velkomen tilbake i Hødd-drakta Kallevåg!

Annonse: