Kafé 1919

Onsdag 20. september opnar Kafè 1919 igjen!

Kafé 1919 vil halde til i kafeen på Høddvollhuset og ha opningstid frå kl. 16.00 - 20.30 kvar onsdag fram til jul.

Her vert det mogleg å få kjøpe seg ein billeg middag, og i tillegg vert det sal av kioskvarer. Vi prøver også å legge til rette for sunne og raske måltid retta mot dei aktive i klubben.

Ser fram til å starte opp igjen Kafé 1919

- Vi ser først og fremst fram til å starte opp igjen Kafé 1919 og håper at mange tek turen innom onsdag når vi opnar dørene kl. 16.00. Mange har etterlyst eit slikt tilbod lenge, ikkje berre internt i Hødd, men også blant vore naboklubbar, seier André A. Gardshol. 

To middagstilbod

Brukarane av Kafé 1919 kan velje mellom to middagar, der den eine av dei vil vere ein internasjonal rett. Her vil det vere innslag av mat frå Afghanistan, Eritrea og Syria.

I tillegg vil dei som kjøper middag også få salat, brød, saft og ein kaffi med på kjøpet. Altså eit rikeleg måltid servert på Høddvollhuset kvar onsdag til ein rimelig pris.

Pris

Vi har barnepris til kr. 50,- som er ein litt mindre porsjon med middag om ein ønskjer det. Dette gjeld opp til 16 år.

For vaksne vil prisen ligge på kr. 75,-, men vi legg også til rette for at ei familie kan ta turen utan at prisen er for høg. Vi tilbyr derfor ein familiepris (2 vaksne + 3 barn) til kr. 200,-.

Sjå prisliste og produkt under!

Kafé1919_prisliste

Frivillig arbeid som arena for integrering og språktrening

Hødd Fotball i samarbeid med Ulstein Kommune søkte tidlegare i år om midlar frå fylkeskommunen si utlysing «Tilskot til nyskapande integreringsarbeid 2017». Prosjektet har fått namnet «frivillig arbeid som arena for integrering og språktrening».

Hovudmålgruppa er vaksne busette flyktningar og andre innvandrarar. Målet er å få fleire frå målgruppa med i det frivillige arbeidet i klubben.

Hødd Fotball ønskjer at enda fleire skal ta del i det frivillige arbeidet i klubben, få ei forståing av kva det betyr å vere frivillig i Hødd og elles i samfunnet. Det å bli ein del av eit nettverk ser vi ofte som positivt når ein skal ut å søke jobb. Vi håper derfor dette skal auke sjansane for at dei som deltek på introduksjonsprogrammet skal kome seg ut i arbeid etter praksisen.

Hødd skal jobbe med fire konkrete tiltak inn mot dette prosjektet, og eit av desse er Kafé 1919. Dei tre andre tiltaka er:

- Styrke informasjonen til frivillige og foreldre til innvandrarbarn 
- Inkludering av frivillige i vaktlaget og i kiosk på Hødd sine heimekampar i PostNord-ligaen
- Vere med som frivillig på Tare Cup i Sparebanken Møre Arena

Som ein viktig samfunnsaktør i Ulstein kommune ønskjer derfor Hødd å vere ein del av dette prosjektet.

Meir om prosjektet kan ein lese i papiravisa som var laurdag. Dei som har abonnent kan lese saka på vikebladet.no.

Velkomen til opning av Kafé 1919 onsdag 20. september!
Annonse: