JOAKIM GOKSØYR ULSTEIN HAR SIGNERT

Joakim Goksøyr Ulstein (19) har i dag signert ei kontrakt med Hødd ut 2020-sesongen!

Joakim Goksøyr Ulstein kjem frå Ulsteinvik og frå eigne rekker i Hødd-systemet. Han står oppført med fleire kampar på seniornivå i Hødd for andre og tredjelaget dei siste åra. Joakim har vore fast på trening med a-lag herrar etter nyttår og spelte også sin første kamp for laget i 1-0 sigeren over Spjelkavik førre fredag. Ein ung og lovande keeper i Hødd!

Joakim har i dag signert ei kontrakt med Hødd ut 2020-sesongen.

Kevin Knappen seier dette i ein kommentar:
Joakim Goksøyr Ulstein er offisielt no ein del av Hødd a-lag herrar. Han har hospitert over ein lengre periode, regelmessig etter oppstart med sesong 2020. Joakim har gode fysiske forutsetningar som keeper, med solid høgde og rekkevidde. Prestasjonane i trening og kamp seier oss at dette er ein keeper i god utvikling, som legger ned mykje hardt arbeid for å ta ytterlegare steg. 
 
Joakim kommenterer dette til Hødd:
- Kjekt å få denne tilliten etter mykje arbeid og tolmodigheit. Eg skal gripe denne sjansen og utnytte den til det optimale. Ser fram til en sesong som ein del av Hødd A-lag.
 
Vi gratulerer Joakim og ønsker han lykke i Hødd-drakta! 
 

FAKTA

  • Namn: Joakim Goksøyr Ulstein

  • Fødd: 24. november 2000

  • Posisjon: Keeper

  • Tidlegare klubbar: Hødd (moderklubb)

Annonse: