Joakim Dragsten ny hovudtrenar for Hødd

Joakim Dragsten (31) er ny hovudtrenar for Hødd, ei kontrakt som strekkjer seg ut 2023-sesongen med opsjon på ytterlegare 1 år. FOTO: Lokalfotballen.blog

Joakim kjem frå Eidsvold Turn og har gjort sine saker bra med å ta laget frå 3. divisjon og til å vere eit stabilt lag i PostNord-ligaen. Ein solid prestasjon dei åra han har vore i Eidsvold Turn! 

JESPER: -HARDTARBEIDANDE OG KOMPETENT TRENAR

- Veldig glad for å ha signert Joakim som vår neste hovudtrenar. Gode resultat i Eidsvold og ein type kompetanse som vi trur kan bygge vidare på det vi har i dag, og ta ytterlegare steg! Joakim har gjort eit godt inntrykk gjennom ein lang og nøyaktig prosess, og vi får inn ein svært hardtarbeidande og kompetent trenar.  

JOAKIM: - GLEDA MEG ENORMT TIL Å TA FATT PÅ OPPGÅVA I HØDD

- Eg gleda meg enormt til å ta fatt på oppgåva i Hødd og bli kjend med alle i klubben og bygda forøvrig! Eg har eit veldig godt inntrykk av kulturen og miljøet eg kjem til, og skal jobbe knallhardt for å vidareutvikle dei sterke prestasjonane som er blitt levert i 2021. 

Hødd Fotball ønsker Joakim hjarteleg velkomen til Hødd! 

 

Annonse: