Jets Vacuum AS har signert ny avtale

Jets Vacuum AS har inngått ein ny hovudsponsoravtale med Hødd Fotball for dei neste tre åra.

Annonse:

Hødd Fotball og Jets har blitt einige om ein avtale som strekkjer seg ut 2026-sesongen. Jets har vore ein solid og trufast støttespelar over fleire år, og vi i Hødd Fotball er særs glade for å forlenge dette samarbeidet med nye tre år. Jets sin logo vil derfor pryde Hødd-drakta i topp- og breiddefotballen dei neste tre åra.

CEO Jets Vaccum AS, Øyvind Tørlen

- Jets ønsker å bidra til barn og unge sine oppvekstvilkår i regionen og fremme glede, stoltheit og meistring. Hødd Fotball skaper positiv og sunn aktivitet for 500 jenter og gutar i vårt lokalområde og er ein naturleg samarbeidspartner for oss. Ser fram til 3 år med sportslege oppturar og nedturar, men ikkje minst mykje spenning og entusiasme!

- Hødd Fotball er svært takksame for at Jets forlenga samarbeidet og fortsette som hovudsponsor dei neste tre åra. Jets har vore ein lang og trufast samarbeidspartnar for Hødd Fotball i mange år, og vi setter stor pris på at vi kan fortsette det gode samarbeidet i åra som kjem. Ein slik avtale er med på å oppretthalde det gode aktivitetstilbodet i Hødd Fotball, både for liten og stor, seier marknad- medieansvarleg i Hødd, André Aurvåg Gardshol.

Hødd Fotball ønsker å takke Jets Vacuum AS for avtalen og ser fram til eit godt samarbeid vidare. 

Annonse fra Obos-ligaen: