
Jets Vacuum As forlengar med Hødd Fotball
Jets Vacuum As forlengar samarbeidet med Hødd Fotball!
Ei stor glede for oss å kunne bidra
«Hødd skal vite at Jets Vacuum ønskjer å vere ein langsiktig sponsor og støttespelar. Sjølv om eg personleg er nokså fersk i bedrifta, skjønte eg raskt at den støtta vi gir til Hødd er viktig å vidareføre. Den sikrar klubben kontinuitet, og bidreg til at dei kan halde fram det gode arbeidet sitt på alle nivå. Hødd har no eit nytt og svært godt fotballanlegg ved Høddvoll, eit anlegg som blir mykje brukt og utgjer eit viktig tilbod for veldig mange av innbyggjarane i regionen. Vi ser at born set pris på tilboda Hødd gir, at foreldra stiller opp, og at frivillige yter mykje. Dette utgjer samla eit stort og flott miljø som har teke tid å byggje opp, og det må vi som er i det lokale næringslivet anerkjenne og støtte opp om. Det er difor ei stor glede for oss å kunne bidra til både ein flott klubb og eit flott baneanlegg, seier CEO i Jets Vacuum As - Øyvind Tørlen.»
Videoen er ikke tilgjengelig.